Som lærling må du følgje rettar og plikter som ein vanleg tilsett i ei statleg verksemd. Arbeidsgivaren din har forventingar til korleis du skal te deg på arbeidsplassen.
Under får du ei kort forklaring på kva rettar og plikter du har som lærling:
Rettar
- Skriftleg lærekontrakt og arbeidsavtale
- Rett til opplæring i dei måla læreplanen din følgjer
- Rett til halvårssamtale med din faglege leiar
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Plikter
- Du må delta i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av di eiga opplæring
- Du må dokumentere opplæringa etter læreplanen
- Du må følgje reglane på arbeidsplassen, som å kome i tide på jobb og gje beskjed om du er sjuk. Arbeidsplassen skal gje deg ei innføring i kva som gjeld hos dei
Plikter og rettar for lærlingar er skrivne i to lover:
Forventingar frå arbeidsgivar
Arbeidsgivar har forventingar til deg på lik line med andre tilsette. Forventingane til deg blir større dess nærare du kjem fagprøva. Arbeidsgivaren vil då forvente at du jobbar meir sjølvstendig og at du kan finne informasjon sjølv.
Arbeidsgivar forventar at
- du gjer arbeidsoppgåva dine, og gjer beskjed om du ikkje når ein frist
- du sender melding om du blir for sein til jobb
- du deltek aktivt i di eiga opplæring. Du må sjølv fortelje din faglege leiar om korleis du ligg an i forhold til arbeidsoppgåver du skal kunne, utanom dei halvårlege vurderingssamtalane
- initiativ om du ikkje har noko å gjere
Kva slags informasjon bør arbeidsgivar gi deg?
Når du har skrive lærekontrakt gir verksemda deg beskjed om dato og tidspunkt og stad for fyrste dag på jobb. Den fyrste veka i læretida er det vanleg å få informasjon om:
- kven som er din faglege leiar
- kven som er instruktør for deg dei fyrste månadene
- kven som er verneombod
- din interne opplæringsplan
- arbeidstid og ferie
- registrering av arbeidstid, ferie og fråvær
- om du har fleksitid
- dato for utbetaling av løn
- intranett og kva du finn der
- kven du skal spørje om ting i ulike situasjonar
- kor kantina er og kor kollegaene dine spis
- eventuell trening i arbeidstida
- det sosiale på arbeidsplassen
Kva gjer eg om eg ikkje trivst på arbeidsplassen?
Om du ikkje trivst på jobb, er det viktig å ta dette opp med din faglege leiar i den halvårige vurderingssamtalen.
Det er lurt å fortelje det om du ikkje trivst. Du treng ikkje vente til den halvårlege samtalen om det er lenge til. Tek du opp dette tidleg, er det mogleg for arbeidsplassen din å komme med forslag til korleis de kan leggje betre til rette for deg.
Slik går du fram for å ta tak i utfordringen:
- be om eit møte med fagled leiar eller den som har personalansvar for deg. Forklar korleis har det på jobb, og kva du meiner er orsaka til at du ikkje trivst.
- Du kan og snakke med tillitsvald eller hovudvernombudet i verksemda.
I desse møten kan du ha med en person du stoler på. Det kan være ein i familien din, tillitsvald eller ein kollega.
Trakassering
Alle tilsette skal ha det bra på arbeidsplassen. Likevel kan det oppstå situasjonar på jobb som kan føre til at du ikke trivst. Filmen under gir eit kort innblikk i kva vi meiner når vi snakkar om trakassering på jobb, og kva du kan gjere om du opplever noko liknande.
Om du som lærling opplev trakassering på jobb:
Hjelp, støtte og rådgjeving for deg som lærling
Som lærling har du tilgang til fleire eksterne ressursar og støttetilbod som kan hjelpe deg gjennom læretida:
Rådgjevingsteneste for lærlingar
Med den nye opplæringslova har alle lærlingar rett til rådgjeving. Dette er eit lågterskeltilbod der du kan ta kontakt viss du treng nokon å snakke med om utdannings- og yrkesval, eller sosiale og personlege forhold. Du finn informasjon om dette hos fylkeskommunen din.
Barnehage-, skule- og lærlingombodet
Ombodet er ein uavhengig og nøytral instans med tausheitsplikt. Dei gjev informasjon, råd og rettleiing om rettane dine som lærling. Du kan kontakte dei viss du er usikker på rettane dine eller treng hjelp i ei sak.
Digitale ressursar frå Fylkeskommunen
Fylkeskommunen (I Oslo: Utdanningsetaten) sender deg fleire digitale ressursar via SMS eller e-post gjennom læretida. Desse gjev deg viktig informasjon om blant anna arbeids- og læringsmiljøet for å sikre at du har tilgang til alt du treng på vegen inn i arbeidslivet.
Nasjonal lærlingundersøking
Når du har vore i lære i 11 månader eller lengre, får du Utdanningsdirektoratets nasjonale lærlingundersøking. Dette er ei anonym og frivillig undersøking der du får seie di meining om arbeids- og læringsmiljøet. Svara dine hjelper med å gjere læretida betre for andre lærlingar.