Har du bestått vg1 og vg2 yrkesfag, kan du ta eit forkurs på eitt år for å kvalifisere deg til ingeniørstudia.
Du kan ta forkurs utan å ta påbygging på vidaregåande skule i forkant. Det er ikkje eit krav at du har tatt læretid eller har bestått fagprøva i forkant.
Med bestått forkurs kan du søke deg inn på alle ingeniørutdanningar og sivilingeniørutdanningar i Norge.
NTNU har forkurs i både Trondheim og Gjøvik.
Info om forkurs finn du her:
Forkurset for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Har du generell studiekompetanse, men mangler fordyping i matematikk og fysikk (FYS1 og R1+R2), kan du nytte tresemestersordninga.
TRES - tresemester studieordning