Halvårleg samtale

Halvårleg vurderingssamtale skal gi deg informasjon om kva du har lært og kva du bør konsentrere deg om vidare mot fagprøven.

Halvårleg vurderingssamtale er ein lovpålagt samtale. Samtalen er mellom deg som er lærling og lærebedrifta og skal handle om utviklinga di i høve til læreplanen.

Både du og lærebedrifta har teieplikt om innhaldet i samtala.

Kvifor skal eg ha ein halvårleg vurderingssamtale?  

Den halvårlege vurderingssamtalen skal gi informasjon om kva du har lært. Samtalen bør vere fokusert på kva du skal lære framover slik at du oppnår kompetansemåla i læreplanen.

Samtalen skal gi deg:  

  • Tilbakemelding på arbeidet du allereie har gjort
  • Råd om korleis du kan forbetre arbeidsinnsatsen din
  • Moglegheit for å gi lærebedrifta tilbakemeldingar om korleis dei kan legge betre til rette for den faglege utviklinga di
  • Moglegheit for å snakke om trivsel og arbeidsmiljø   

Kven deltar på halvårssamtalen?  

Fagleg leiar har ansvaret for at halvårssamtalen vert gjennomført.  På førehand skal du få vite kven som skal delta. Det er vanleg at desse er med på halvårssamtalen:  

  • Fagleg leiar og ein eller fleire instruktørar
  • Person fra HR (personal)

Desse kan delta:

  • Opplæringskontoret - om både du og lærebedrifta ynskjer det
  • Verneombod eller representant frå dei tillitsvalde om du ynskjer det

Slik førebur du deg  

Det er viktig at både du og fagansvarleg kjem godt førebudde til samtalen.

Før møtet skal de ha gått gjennom opplæringsplanen du følgjer. De skal ha vurdert kor godt du kan arbeidsoppgåvene innan kompetansemåla.

Ta utgangspunkt i arbeidet du har dokumentert.

Fyll ut "Eksempel på halvårig vurderingssamtale" nedst på sida. Dette er grunnlaget for samtalen med tanke på fagleg utvikling og kva slags kompetansemål som skal prioriterast i neste halvår.   

Kva skal dokumenterast? 

Saman med fagleg leiar skal du ha ein samtale rundt skjema «halvårig vurderingssamtale» frå fylkeskommunen din.

Skriv kort om den faglege utviklinga di i perioden og kva som er planen for neste halvår. Planen må innehalde kva slags mål i læreplanen som vert prioritert.

Ta vare på referatet. Lærebedrifta og OK stat skal ha kvar sin kopi. 

Oppdatert: 8. februar 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.