Dataelektronikarar arbeider overalt i samfunnet der det trengs elektronisk infrastruktur, frå underhaldning og mediebransjen til telemedisin og satellittbasert navigasjon. Blir du lærling i dataelektronikarfaget, vil du få ei nøkkelrolle i å bygge opp ulike tekniske system og utstyr i verksemda. Det er eit stort behov for dataelektronikarar i IT-bransjen.
Som dataelektronikar i staten vil du få jobbe på ei IT-avdeling med daglege driftsoppgåver, planlegging av nye løysingar, innkjøp og installasjon av nytt utstyr. Du får og meir kunnskap om feilretting og testing, og får jobbe saman med dyktige kollegaer som skal lære deg opp, ofte i eit team.
Dette lærar du som dataelektronikar
- Installere nye system
- Jobbe med sikkerheit og kommunikasjon
- Teste og feilrette utstyr og system
- Rettleie i val og bruk av utstyr og system
- Administrere rettigheitar og tilganger på serverar
- Installere og feilrette i teletekniske system og brannalarmanlegg
Dataelektronikarar arbeider overalt i samfunnet kor det trengs elektronisk infrastruktur, frå underhaldning og mediebransjen til telemedisin og satellittbasert navigasjon. Dei legg til rette for digital kommunikasjon på både nasjonalt og globalt nivå, og kan jobbe med alt frå enkle til meir kompliserte system.