Dataelektronikar

Som datalelektronikar vil du få ei nøkkelrolle i å bygge opp ulike tekniske system og utstyr i verksemda.

Som dataelektronikar vil du vere med å installere, drifte og vedlikehalde alt frå interne datasystem til multimedieustyr og luftovervakingsradarar. Kva du får jobbe med, kjem an på kva slags fagfelt du vel å spesialisere deg i. Det er behov for dataelektronikarar i mange deler av samfunnet vårt.

Dette lærar du som dataelektronikar

  • Å opprette kommunikasjon mellom ulike typer elektronisk utstyr og system
  • Å jobbe med sikkerheit og kommunikasjon
  • å feilsøkje og rette opp feil
  • rettleie i val og bruk av utstyr og system

Dataelektronikarar arbeider overalt i samfunnet kor det trengs elektronisk infrastruktur, frå underhaldning og mediebransjen til telemedisin og satellittbasert navigasjon.

Ein dataelektronikar legg til rette for digital kommunikasjon på både nasjonalt og globalt nivå, og kan jobbe med alt frå enkle til meir kompliserte system.

Oppdatert: 14. juni 2021

Fant du det du lette etter

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord