Innhaldsproduksjonsfaget

Som lærling i innhaldsproduksjonsfaget, vil du få jobbe med å lage innhald i produksjonar til dei digitale flatene verksemda bruker. Du vil måtte finne nye måtar å formidle bodskapen på til brukarane, både eksternt og internt.

I staten jobbar lærlingar i innhaldsproduksjon ofte i kommunikasjonsavdelingar. Her vil du få jobbe med produksjon til ulike kanalar, til døme sosiale media, e-læringskurs eller nettsider. Du vil vere med på å setje regien i filmproduksjon, og skal jobbe på tvers med dyktige fagpersonar med ulik kompetanse for å oppnå eit godt resultat.  

Kva slags oppgåver du får, vil variere frå verksemd til verksemd. Felles for alle som blir lærling i dette faget i ei statleg verksemd er at du får jobbe med kreativ problemløysing frå A til Å. Dette vil gi deg ettertrakta kompetanse, som legg eit godt grunnlag for vidare jobb og høgare utdanning.  

Dette lærer du i innhaldsproduksjonsfaget

I løpet av læretida vil du få røynsle med arbeidslivet, og halde deg oppdatert på trendar og ny teknologi i faget. Sidan statlege verksemder vektlegg ulike arbeidsoppgåver, bør du høyre kva slags produksjon dei satsar mest på, når du er på eit eventuelt intervju. Dette er noko av det du kan få jobbe med:

  • ein heil produksjonsprosess
  • lovverk, som universell utforming i praksis
  • idear og konsept
  • planlegging, koordinering og estimering av ressursar
  • design og produksjon av ulike verkemiddel
  • etterarbeid, marknadsføring og evaluering 
Oppdatert: 21. februar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.